Heile vår historie

O L KYTHE AS.

HISTORIE.

Den 19.desember 1960 vart aksjeselskapet O L Kythe AS stifta – hvis formål det er å drive entreprenørvirksomhet – som det står i stiftelsesprotokollen.

Olav Larsen Kythe stifta selskapet saman med sønene Sverre Kyte og Lars Kyte, med 1/3 eigarskap til kvar av partane.

Av ein eller annan grunn skreiv gründeren Olav L Kythe etternamnet sitt med innlagt h, og dette var han aleine om. I firmanamnet har skrivemåten med h (Kythe) derfor blitt ståande.

Ved stiftinga i 1960 dreiv O L Kythe med ei avdeling i Bergen under leiing av Lars Kyte, og ei avdeling på Voss under leiing av Sverre Kyte. Forretningskontoret låg på Voss.

Men firmaet si historie startar lenge før 1960.

Gründeren Olav L. Kythe (1890 - 1969) var bondeson frå Kyte på Voss, men ikkje odelsgut. Han utdanne seg likevel til agronom ved Stend landbruksskule, og dette var einaste formelle utdanninga hans. Han var innsiktsfull i mangt praktisk arbeid og tiltaksam. Ved sida av å forpakta gardar, var han mellom anna også anleggssmed, skiferdrivar, forskallingsformann ved Dale kraftstasjon og stikningsformann ved bygging av Eidebanen (Granvinsbanen).

Ein reknar 1936 som oppstart på O L Kythe si entreprenørdrift. I Odda var det under utvikling stor industri, og her byrja han med grunn- og betongarbeid. Mellom anna bygde han bensinstasjon for Olav O. Aga i Odda. I Voss sentrum var Kyrkjebøbygget eit av dei fyrste større prosjekta. (Bygget overlevde den tyske teppebombinga, og står den dag i dag).

Då krigen kom til Voss la O L Kythe ned drifta av firmaet. Innehavaren jobba under okkupasjonstida ei tid som tilsynsmann hjå Stolz Røthing & Co på Voss.

Åra etter krigen vart ei travel tid med oppattbygging av Vossevangen, og firmaet skaut fart. I siste halvdel av 40-åra og i 50-åra var det nok av oppgåver på Voss. Langs nye breie gater reiste det seg bygg etter bygg, og mange av dei forretningsbygg ein ser på sentrale Vossevangen den dag i dag, er reist av O L Kythe. Det var grunnarbeid og råbygg i betong som vart utført av firmaet. Det var lite maskiner å oppdriva , og mykje av arbeidet skjedde manuellt. Blandemaskiner og anna utstyr vart drege frå den eine plassen til den andre. Firmaet hadde rundt 30 tilsette på denne tida. Det seiest at Olav L Kythe var ein populær arbeidsgivar, og at han hadde eit godt lag med arbeidsfolk. Dette var eit miljø han forstod.

Sverre Kyte utdanna seg til bygningsingeniør i Stavanger like etter krigen. I fyrste tida etterpå arbeidde han i Voss bygningskommune, som det heitte den gongen – med omlegging av nye gateløp på Vossevangen. Etter kvart trong faren hjelp til å handtera drifta i firmaet, og Sverre slutta i kommunen og byrja å jobba for faren.

Oppdraga vart etter kvart også meir varierte. I fyrste halvdel av 50-åra utførte firmaet m.a. eit større underjordsarbeid med utsprenging av fjellhallar for forsvaret i Vasslia ved Tvildemoen på Voss. Drivinga føregjekk med knematar. Dei hadde ein gammal Ford traktor som måtte ta rennefart for å fylla skuffa når dei skulle lasta ut. Denne gjekk sjølvsagt sund. Etter kvart fekk dei løyve (det var rasjonering) til å kjøpa ein ny Catepillar beltelastar frå USA. Dette var den fyrste i sitt slag som kom til Vestlandet. Den hadde sidelastar og den revolusjonerte effektiviteten av lastinga. Beltelastaren hadde også eit bakmontert graveaggregat for graving av til dømes grøfter. Ei allsidig og nyttig maskin i ei tid då maskiner var vanskeleg å oppdriva.

Lars Kyte utdanna seg til sivilingeniør i USA, og kom til Noreg att om lag 1954. Lars oppretta eit eige Bergens-kontor i 1956. Her fekk firmaet store oppdrag ved marinebasen på Haakonsvern, med bygging av verkstadhallar i fjell, kasernebygg og mannskapsbygg til dykkar- og froskemannsskule. På Rundemannen ved Bergen fekk også firmaet eit større oppdrag med utbygging for Televerket. Det var ei spennande tid, og desse oppdraga førte nok til at sjølvtilliten vart styrka.

Det skal ikkje gløymast at mange arbeidsfolk frå Voss vekependla og arbeidde for firmaet i Bergen. Firmaet hadde i dei mange dyktige og pålitelege medarbeidarar.

Selskapet var såleis godt etablert i 1960. Ein kan seia at det var ei naturleg utvikling at firmaet gjekk frå å vera eit personleg føretak over til aksjeselskap då dei 2 sønene til Olav L. Kythe, Sverre og Lars vart involverte og ville driva selskapet vidare.

Bergensavdelinga heldt fram med å setja sitt preg på byen mellom dei 7 fjell utover på 1960 -70 talet. Av oppdrag kan nevnast grunn- og betongarbeidet på historisk-filosofisk fakultet sitt bygg ved universitetet i Bergen, politihuset, Bergen rådhus, Lagunen storsenter, Strusshavn kirke på Askøy, Haukeland sjukehus.

I samme perioden sette også firmaet sitt preg på Vossebygda. Etter kvart som Voss utvikla seg som skulebygd og turistbygd skifta oppdraga. Ei tid var det mange skulebygg – til dømes Vangen barneskule, Gjernes skule, Gullfjordungen skule, Raundalen skule, Vatles handelsskule og 3 H-skulane på Rogne. Firmaet bygde også barneskule på Geilo på slutten av 60-talet. Så var det hotella – Vossevangen hotell, Park hotell Liland og hotell Jarl.

I 70-åra byrja også byggemetodane å endra seg noko. Dei fyrste bygga med betongelement reiste seg, og her var OLK med frå fyrst av, til dømes ved hotell Jarl, Vatles handelsskule, Voss Handelslag sitt bygg på Vangen, 3 H-skulane.

Boligbygging har ikkje O L Kythe drive i eigen regi, men har vore entreprenør for BOB boligbyggelag på utbygging av boligblokker på Rogne, og Motræet i Skulestadmo. På sjølve Vossevangen reiste firmaet dei 2 store bolig-/institusjonsbygga Sosialbygget og Fredheimsbygget. Ved Voss fylkessjukehus bygde firmaet også Voss sjukeheim.

Firmaet bygde også nytt administrasjonsbygg for Voss Energi, Kontor/lagerbygg for Televerket og forsvaret sin fellesverkstad på Bømoen.

Det var ikkje berre bygg. Firma O L Kythe brukte ressursane sine allsidig, og tilpassa seg dei oppgåver som baud seg fram i regionen.

På 70-og tidleg 80- tal bygde til dømes firmaet ut infrastruktur med veg, vatn, avløp og støttemurar til boligområdet Seimsfeltet, med Voss kommune som oppdragsgivar. For Jernbanen vart det bygt overbygg i betong både på Finse, Hallingskeid og Myrdal. Brubygging – eit godt døme er Stalheimselv bru. Bjelkebru i 2 spenn over Stalheimselva i Nærøydalen .

Firmaet hadde dyktige og allsidige folk til å planleggja og ta seg av mange slag oppgåver. Sentrale var formennene Anders Hauge, Nils Saue og Einar Kvernhusvik . I ca ein 10-års periode frå midt på 70-talet var ing. Edvin Haugsbø tilsett, og var ein dyktig og dynamisk prosektleiar. Han stifta etter kvart eiga verksemd som konsulent innan betongbygging. I Bergen vart ing. Jon Sandvoll ein viktig medspelar, og stod for m.a oppføring av Bergen rådhus. Forretningskontoret låg på Voss, og rekneskap og lønn for heile drifta både i Bergen og Voss vart utført her. Lauritz Myklebyst vart engasjert til dette av Olav L. Kythe frå 1960-talet, fyrst på deltid men etter kvart som fast tilsett. Knut Kvarekvål byrja i ungdomen som betongarbeidar i firmaet, i 1969, men Sverre Kyte tok han inn på kontoret som hjelp ved høve. Etter kvart vart han sett inn i rekneskap og utlønning, og Knut viste seg å bli ein dyktig og nøyktig rekneskaps- og lønningsførar, og det heilt utan å ha nokon formell utdanning i faget. Han overtok etter Lauritz då han vart pensjonist rundt 1990. Knut vart i firmaet heile sitt arbeidsliv, til han vart pensjonist ca 2015.

Som grunder var Olav L. Kythe også tidleg ute i utviklinga med ferdigbetong. Han kjøpte inn dei fyrste trommelbilane for levering av ferdibetong på Voss. Han fekk tilgang til sandressursar hjå grunneigarar på Bjørke. Etter kvart overtok grunneigarane etter ynskje sjølve betongproduksjonen, og utvikla dessutan ei omfattande bedrift for betongvarer – Voss Cementvarefabrikk – under leiing av Magne Bjørke. I dag er det NOBI som eig og driv bedrifta.

Eit anna «sidespor» i entreprenørdrifta til Olav L. Kythe var etableringa av Gudvangen Stein i 1960-åra. Han kjøpte rettigheiter hjå grunneigarane i Nærøydalen til å driva ut den kvite bergarten anorthositt. Steinen er heilt kvit, hard og tung, og har interessante tekniske eigenskapar. Til dømes til bruk i vegbane, så har den veldig gode friksjonseigenskapar, og i tillegg gir lys overflate betre trafikksikkerheit i mørkre. Lars og Sverre drog mellom anna til England og gjorde avtalar om leveransar. Dei bygde kai i Gudvangen, og i nokre år gjekk det båtlaster med stein i trafikk til England, og også til Tyskland. Mottakarane vart etter kvart oppkjøpt av større aktørar som ville bruka eigne råstoff, og leveransane stogga opp. I dag er det andre som driv ut kvitstein i fjellhallar i Nærøydalen. Mellom anna vert bergarten brukt til fabrikasjon av isolasjonsmaterialet steinull.

Firma O L Kythe AS heldt fram som eit samla selskap med drift i Voss og i Bergen til utgangen av 1983. Om lag 100 medarbeidarar syselsette firmaet på det meste, med drifta i Voss og Bergen tilaman.

Det kom til eit nytt generasjonsskifte.

Kort fortalt vart firmaet ved utgangen av 1983 delt (fisjonert) i to sjølvstendige firma kalla O L Kythe Voss AS og O L Kythe Bergen AS. Etter nokre år fekk firmaet i Bergen problem og vart avvikla. I 1994 tok firmaet på Voss tilbake det opphavelege navnet O L Kythe AS.

I fyrste halvdel av 1980-talet kom sønene til Sverre Kyte, Olav og Per inn i drifta av firmaet. Olav var då utdanna anleggsingeniør, Per var utdanna sivilingeniør i konstruksjonsfag ved NTH. Per hadde også utdanning i økonomifag frå BI. I 1987 overtok Olav og Per aksjemajoriteten i firmaet og har drive firmaet fram til i dag (2024). Sverre var ingen pedagog av det klassiske slaget i opplæringa av sine søner. Hans filosofi var enkel. «Dei får prøva seg.» Og så gjorde ein sine eigne erfaringar og lærte - og kanskje var dette også det mest effektive? Men vi hadde jo også opp gjennom åra observert, og fått det litt i «blodet».

Per har overteke som dagleg leiar etter at faren trappa ned rundt 1990. I tillegg har Per vore prosjektleiar, og særleg når det har vore totalentreprisar. Olav har i byrjinga drive nokre byggeprosjekt, men har teke firmaet til meir anleggsprega aktivitetar med bygging av infrastruktur innan veg, vatn, avløp (VVA), jernbaneprosjekt ol. Nils Dagfinn Dregelid kom fyrst inn i firmaet som lærling/betongarbeidar i 1976. Han utdanna seg eter kvart til ingeniør og kom tilbake til firmaet i 1985. Han har vore prosjektansvarleg for mange bygningsoppdrag og bruer som firmaet har utført frå den tid og fram til i dag. Nils Dagfinn har også vore kontaktperson mot fagskulane på Voss, og har rekruttert og fylgt opp lærlingar som firmaet har teke inn. Ei viktig oppgåve som har gitt positive resultat.

Nils Dagfinn, Per og Olav har såleis vore leiarteamet frå midten av 1980-talet og fram til i dag.

Perioden frå midten av 1980-åra og til i dag har vore prega av store konjunktursvingingar. Åra med bankkrise rundt 1990 (88-92) var særdeles vanskelege. Det var lite oppdrag, svært pressa prisar på entreprenøroppdraga, og det var mange konkursar i bransjen. Ein måtte gjera sitt ytterste for å overleva. Det var anbudsrekning både natt og dag for å skaffa oppdrag, men det gjekk. Liknande tilstandar hadde ein att rundt 2008 med finanskrisa, men dette vart ikkje like langvarig. I dag (2024) har ein igjen fått lågkonjunktur i og med rentepolitikken med auka rentenivå, nedkjøling i økonomien og redusert investeringslyst i samfunnet generellt.

I O L Kythe AS har instillinga vore å driva som rein allsidig utførande entreprenør, og ikkje satsa på reine nisjer. Dette har nok påverka til at ein har utvikla omstillingsevne til å kunna ta mange ulike typar oppdrag. Kanskje er dette ein vesentleg faktor til at ein har overlevd som entreprenørfirma gjennom skiftande tider. Firmaet har vore ein regional entreprenør og stort sett (med unntak) operert innanfor eit nord-/sør-området frå og med Sogn til Hardanger, og mot Bergen i vest til øvre Hallingdal i aust. Ein kjenner distriktet, og distriktet kjenner også til firmaet.

Lat oss nevna ein del oppdrag O L Kythe AS har utført i regionen i den siste generasjonen si tid - dei siste 30-40 åra.

I 1990 åra var det ein aktiv perode på Dale i Vaksdal kommune. Vi bygde KLV-bygget (Kontor, verkstad, lager) for BKK på Dale. Ny aldersheim i Dale sentrum. Avløpsanlegg for Dale frå Dalegarden til Dalevågen med eit mindre mekanisk renseanlegg. Ny gateplan i Dale sentrum med renovering av gater og VA. Betongportal (for Furuholmen entr.) til nye Trollkonatunnellen på jernbanen v/Dale. Vaksdal senter på Vaksdal i samme periode. Eikhaugbrua over Daleelva.

For Modalen kommune bygde me fleire bygg på denne tida blant anna bryggjeslottet.

I Voss har Voss Kommune renovert og bygd ut vann- og avløpssektoren i heile det sentrale Voss gjennom ein lang periode, og firmaet har utført store deler av dette. Vi nevner hovedanlegg VA frå Palmafossen til Mønshaug, og frå Taubaneservice til Dalsleitet. Fjellhall for høgdebasseng på Bryn. VVA i Skulestadfeltet og Skjerpe -Bavallen. I Prestegardsmoen Vossevangen vannbehandlingsanlegg. Høgdebasseng Bavallen

Norges Statsbanar har vore oppdragsgivar i tidlegare tider som nevnt, og har stadig vore ein god oppdragsgivar på nye oppdrag. På 1990-talet utførte firmaet ei rekkje planoverangar ombygd til undergangar - mellom Voss og Mjølfjell. Så kom ombyggingar av plattformar og stasjonsområda ved Vaksdal stasjon og Voss stasjon. Ny terminal ved tidlegare Palmafoss stasjon (på Granvinsbanen) og fornying av skinnegang og OV-system på ca 2 km strekning Haugemoen til Palmafoss. På Geilo i seinare tid også overgangsbru over stasjonsområdet. Ein konstruksjon i stål og glass og med personheis.(Byggherre var forresten Hol kommune i dette høvet). No dei par siste år ombygging av Dale stasjonsområde med nye plattformar, overgangsbru og omlegging av VA-forsyning til Dale sentrum.

Innan betong/anleggsoppdrag kan også nevnast oppdraget for Bkk på Evanger, med bygging av ny trafocelle, kontrollbygg, vegutviding mm.

Særleg har Nils Dagfinn vore prosjektansvarleg for bruer. M.a overnevnte bru v/Geilo stasjon. Av vegbruer nevner vi Skromle bru på Vossestrand, Nærøydalen bru, og brua over Flåmsdalen (250m ). Alle desse bruer er på E 16.

Kultur/signalbygg: Hardangervidda natursenter i øvre Eidfjord v/Per. Voss kulturhus v/Nils Dagfinn. Begge prosjekt som hovudentreprisar.

Institusjonsbygg: Omsorgboligar i Skulestadmo. Dette var eit av Per sine fyrste prosjekt då han byrja i firmaet. Det var ein totalentreprise som han gjennomførte frå A til Å. Ved Voss sjukehus oppførte firmaet ny fløy for akuttavdeling, og ny BUP-avdeling. Vetleflaten omsorgssenter på gamle utstillingsplassen i Haugamoen.I hovudentreprise ved ND. Særdeles kald vinter på dette prosjektet hugsar vi.

Feltutbyggingar: Bavallstunet fritidssenter VVA – i fleire etappar. Myrkdalen fjellandsby VVA, føregjekk over fleire år frå 2002. Omfatta m.a. også det største naturbaserte reinseanlegg for avløp på Vestlandet i si tid, med laguner og filtreringsområde i sand.

Haugslia hyttefelt. VVA utbygging i Brandsetdalen, er eit større utbyggingsområde for hytter. Også her med naturbasert reinseanlegg, der filterområdet er oppbygd med laus leca. Reinseanlegget har vist seg å fungera svært bra.

Dette er ein del av oppdraga som er utført ved den noverande generasjon i firmaet. Vi ser at det er eit relativt breitt spekter av oppdragstypar, sett i høve til firmaet sin beskjedne storleik.

Vi ser også at oppdraga ikkje lenger omfattar så mykje bygg som tidlegare. Og ein ser at oppdraga gjerne er kombinerte oppdrag der både anleggsaktivitetar og betongbygging inngår. Ofte er alt utført av firmaet i eigenregi. Når ein kan utføra alt i eigenregi vil ein ofte stå sterkare i konkurransesitusjonen, enn om ein må kjøpa inn vesentlege deler av omsetninga, f.eks alt betongarbeid eller alt maskin og VA.

Utviklinga innan byggeoppdrag dei siste par tiår har gått meir og meir i retning av totalentrepriser. Det fører ofte til at oppdraga blir for omfattande for lokale aktørar som oss. Til dømes Fylket sine utbyggingar av Voss vidaregånde skular i Skulestadmo og ved Voss gymnas, var store totalentreprisar til mange hundre millionar. Oppdraga vart utført av større selskap av nasjonalt omfang, og heller lite arbeid gjekk til lokale bedrifter.

OLK fekk fatt i nokre mindre entreprisar i tida før og etter skuleutbygginga. Blant anna bygging av storfefjøs, sanitær og verkstadbygg og anleggsgartnarbygget.

For tida utfører O L Kythe ei totalentreprise med bygging av kontrollbygg for Statnett i Vassbygda i Aurland. Ei krevjande oppgåve som Per styrer.

I Dag.

Firmaet er no nede i eit lite omfang med kun 12 -15 medarbeidarar. Nils Dagfinn og Olav er for pensjonistar å rekna. Per driv enno for fullt, men går også mot pensjonistalder.

I dei siste år har ein søkt etter ny dagleg leiar, men det har ikkje resultert i at nokon er tilsett. Derimot er det kome to nye ingeniørar til firmaet. Dette er Helge Tillung og Øyvind Drageset Remme. Helge har ein del år med ingeniørerfaring frå Statens Vegvesen og entr. Flage maskin. I yngre år arbeidde han som lærling og tok fagbrev i O L Kythe. Øyvind vart ferdigutdanna Ingeniør i 2024. Han var også lærling i O. L Kythe frå 2018 til 2021.

Det er spennande at dei er tilbake. Så får dei «prøva seg» - som Sverre Kyte sa det – og det i ei krevjande tid med lågkonjunktur.

Det kan så absolutt veksa noko ut av dette. 

Oktober 2025