Om oss
O L Kythe AS er ei tradisjonsrik entreprenørverksemd med røter tilbake til 1930-talet, tufta på initiativ, fagkunnskap og pågangsmot frå gründeren Olav L. Kythe. Frå små grunn- og betongarbeid har selskapet vakse til å verte ein sentral aktør i utviklinga av både Voss, Bergen og regionen rundt. Gjennom tiår har firmaet levert eit mangfald av prosjekt – frå bygg og bruer, til veg, vatn, avløp og jernbane – alltid med sterk lokal forankring. Selskapet har vore prega av generasjonar med ingeniørkompetanse, omstillingsevne og tru på eigne folk. I dag står O L Kythe AS fram som ein allsidig regional entreprenør med solid erfaring og vilje til vidare utvikling.
Trykk vidare for å lese heile vår historie!

Fotogalleri

